Mi
grunngjeving for å starte denne bloggen var at lokalavisa Firdaposten| nekta å
take inn mitt lesarinlegg «Defaitisme ei farleg «gift» for demokrati og ei
fri meiningsutveksling og medverknad.» Deira grunngjeving for dette var at
eg hadde omtalt eit debattinnlegg eg svarte på som «rableri». Avisa tilbaud meg
å skrive eit nytt tilsvar, til dette debattinnlegget, og etter kva eg forstod i
ein meir imøtekommande og vennleg tone.
Til dette generøse tilbodet takka eg høfleg NEI. Eg finn meg ikkje i å verte «moderert»
av avisa slik. Så difor denne bloggen med ytringsfridom. Nedanfor er innlegget
som vart moderert bort av redaksjonen i Firdaposten.
Defaitisme
ei farleg «gift» for demokrati og ei fri meiningsutveksling og medverknad.
Eg satt meg i dag framfor PCen, for å skrive
eit skarpt svar til Rune Indrehus, og ta eit oppgjer med feilinformasjonen og
dei feilaktige påstandane han har kome med i innlegget «Ny vindkraftdebatt i
Bremanger»
Så les eg replikkane han har motatt frå Jørund Nygård, Sissel
Sandvik, Aase Turid Standal, Trude Hessvik Trøite og ikkje minst frå Jon
Nyheim, og kjenner meg langt meir tilfreds med stoda, og kunne no heller skrive
noko om kva som har uroa meg meir i lengre tid enn freistnaden til Rune
Indrehus og hans medsamansvorne i å fyre oppunder ein usakleg debatt om
vindkraft i kommunen vår. Ein debatt mange av oss trudde vi skulle sleppe å ta,
etter at samfunnsplanen i si tid fekk einstemmig tilslutning, i kommunestyret,
og med ei formulering som sa klårt og tydeleg frå om at at vi ikkje skulle ha
meir utbygging av vindkraft i kommunen vår.
Replikkane eg har vist til ovanfor dekker om lag alt eg ville
konfrontere Rune Indrehus med.
Det som er langt farlegare enn rableriet til Rune Indrehus, og som
Aage Kvendseth, så klokt formulerte i sitt debattinnlegg «Svart på kvitt», med
mellom anna orda «Ta ikkje demokratiet frå oss» Er at eg opplev mange nærmats
vil gje opp og ikkje vil engasjere seg lenger. Eg har i det siste blitt møtt
med oppløftande ord som «Takk for det du skriv, og for at du orkar å bry deg» -
Ja, slikt kan vere kjekt å høyre, men det ligg og noko farleg usagt attom desse
orda, som eg slett ikkje likar, ein vilje til å ville gje opp og ikkje orke
meir. Eg kjenner fleire av desse som opent har sakt ifrå om at dei ikkje vil
eller orkar å bu i kommunen vår lenger, som planlegg å dra herifrå, unge
menneske som hadde ynskje om å leve, virke og bu i Bremanger kommune. Men som
har mista trua på ei framtid her. Dette er svært alvorleg! Ikkje mindre
alvorleg er det, når ein som skriver eit kjenslefullt og sakleg innlegg, slik
Aage Kvenseth gjorde, vert møtt med ein nærmast flåsete merknader om alt kva
ein tillate seg å tvilar på, framfor å medverke til ein opplyst debatt. Når så
godt vaksne menneske vel å til-juble slike innlegg og omtalar det som «godt
formulert», samstundes, som ingen av våre folkevalt, i kommunen, som tidlegare
mellom anna har vore ute i avisa og etterlyst respekt, tillit og ansvar. ikkje
kjenner trong for å ta pennen fatt – ja, så er det kanskje ikkje så rart om
tilliten til einskilde av våre folkevalde visnar bort. Vil ein ha ein opplyst
og sakleg debatt, der deltakarane kan vere sakleg ueinige lyt ein snakke
sanning om faktum. Då kan ein ikkje tillate at det vert fortalt eventyr om
korleis fjellheimen vår er, og freiste ufarleggjere etablering av ein ammoniakkfabrikk,
i vårt nærområde og late som om ein vindturbin ikkje representerer nokon større
trussel for klimaet og miljøet enn turbin i eit vannkraftanlegg …
I beste fall representerer slike utsegne manglande på kunnskap, og
om så ikkje er tilfelle er det neppe noko mindre enn eit bevist forsøk på
bedrageri og vilje til å føre folk «bak lyset».
Å snakke om gjenbruk av eit fjellområde, som om dette området berre
sto der «øde og forlatt, føyer seg inn i denne typen svært usakleg retorikk.
I fjellområdet det her er snakk om har det i fleire mannsaldrar
vert utøvd jakt på hjort, rype og hare, drive fiske av aure i fjellvatna, sanka
bær, som tyttebær, blåbær, krekling og molte. Sjølv har eg nytta desse fjella
til rekreasjon og naturopplevingar i heile mitt liv. Hatt glede av å observere
snøugla vakte sitt rike i desse fjella. Her lærte eg og borna mine til å sette
pris på naturen og ha respekt for det som fantes der. Ved å ta dei med dit alt
medan dei var små, lærte dei å sette pris på dette – trur dotter mi berre var
tre år gammal då for fyrste gong låg i telt saman med oss innerst i Fossedalen
og gjekk turar med oss like til Lilleteig- og Joleikvatnet.
Fortel meg ikkje eventyr om denne fjellheimen, Rune Indrehus – eg
vågar å påstå at eg kjenner den langt betre enn du tilsynelatande gjev uttrykk
for å gjere. Ein veg på om lag 8 meters bredde frå Indrehus opp til Fossedalen
og videre opp til Joleiksvattenet og derifrå videre til Klenevassfjellet for så
å komme seg inn til Ramsgrøfjellet og til Hankletua, framstår for meg som rein rasering
av denne vakre fjellheimen.